Velkomen til Hodlekve, eitt av Vestlandet sine mest attraktive friluftsområde.

Her, ved Hodlekve skisenter i Sogndalsdalen, kan du sikre deg ei ny og moderne hytte med ei beliggenheit få kan måle seg med. Skiheisen ligg bokstaveleg talt rett utanfor døra, og frå stoveglaset har du spektakulær utsikt mot fjellandskapet. 

Hytta blir levert med høg standard, store vindauge og ei gjennomtenkt planløysing som gir lys, romkjensle og ein lun atmosfære. Sidan hytta er prosjektert, har du moglegheit til å påverke både innvendige og utvendige val – og setje ditt personlege preg heilt frå starten. 

Aktivitetar – året rundt 

Vinterstid har du ski inn/ski ut direkte frå hyttedøra, med kort veg til heisar, langrennsløyper og populære toppturområde. Sommartid byr Hodlekve på eit rikt nettverk av turstiar, sykkelruter og fiskevatn. Ved Dalaløven finn du både sykkelløype/pumptrack og kafé som er open heile året – eit samlingspunkt for både store og små. 

Med kort avstand til Jostedalsbreen, Sognefjorden og Jotunheimen, har du eit unikt utgangspunkt for naturopplevingar i verdsklasse – uansett sesong. 

Tomt og praktiske forhold 

  • Sjølveigartomt på ca. 650 m² 

  • Høve til å føre opp garasje og anneks 

  • Pliktig medlemskap i Hodlekve veglag, takstsone 1 (kr 5 000,- per år) – dekker brøyting og vedlikehald 

  • Plikt til kjøp av 2 årskort per år per tomt/hytte 

 

Hodlekve er meir enn ei hytte – det er ei investering i livskvalitet. Ei sjeldan moglegheit til å sikre deg ny hytte i eit område der naturopplevingar, aktivitet og verdi går hand i hand. 

Etablert område med enkel tilkomst 

Hytta blir oppført i eit etablert hyttefelt med heilårstilkomst via bilveg, og det er berre ca. 15 minutt køyring til Sogndal sentrum, med butikkar, kafear og flyplass. Dette gjer hytta like godt eigna som familiehytte, fristed eller attraktiv investeringsmoglegheit

Avstander

Sogndal
15 minutter med bil
Bergen
4 timer og 15 minutter med bil
Sogndal skisenter
2 minutter med bil

Beliggenhet i kart

Anbefalte modeller

Dette er eksempler på modeller som skal bygges på tomter i dette området. Oppgitt pris her er ferdig over grunnmur fra vårt modellbibliotek. For totalpriser for et prosjekt på disse tomter, velg aktuell tomt under «Finn din tomt» lenger ned. Der finner du modeller som inkluderer tomt, grav/betongarbeider m.m.

Tilgjengelige tomter

Enhet
Status
Pris

Prosjektfremdrift

  • Planlegging
  • SalgsstartTil salgs
  • Byggestart
  • Innflytting

Kvalitet fra Gudbrandsdalen

Kontakt oss

Ove Anders Olsen

Ove Anders Olsen

Hytteselger

Pål Anders Kårstad

Pål Anders Kårstad

Bolig- og hytteselger

Meld interesse

Vi behandler informasjonen du sender i henhold til vår personvernerklæring